Vi søker etter ein dyktig seniorrådgivar som kan styrke oss!
Er du sjølvgåande, ein god lagspelar og er opptatt av kompetanse- og medarbeidarutvikling? Da kan du vere den vi ser etter!
Arbeids- og inkluderingsdepartementet er inne i ein spennande fase med viktige satsingar innanfor fleire område, til dømes kompetanseutvikling. Vi jobbar heile tida med forbetrings- og utviklingsarbeid, og vi søker no etter ein engasjert og fagleg nysgjerrig medarbeidar med solid HR-fagleg kompetanse som kan medverke til å vidareutvikle departementet på sentrale HR-område framover. Jobben inneber stor kontaktflate, særleg internt, og du vil få ein variert arbeidsdag.
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar,
vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene dine vil vere relatert til sentrale delar av HR sine ansvarsområde og leveransar, både utviklingsretta og strategiske i tillegg til meir løpande oppgåver. Eit særleg sentralt område er kompetanseutvikling. Du vil mellom anna få jobbe med oppgåver innanfor mobilitet, medarbeidarutvikling, introduksjon av nytilsette/onboarding, prosjektarbeid, studentpraksis, gjennomføring av sluttsamtalar og rådgiving, støtte og rettleiing til leiarar og medarbeidarar i departementet. Også andre område kan vere aktuelle avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar, til dømes leiarutvikling.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha:
- høgare utdanning på mastergradsnivå innanfor til dømes HR, samfunnsvitskap, organisasjonspsykologi, prosjektleiing, arbeidsrett, psykologi, pedagogikk eller liknande. Særleg relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor
HR-området kombinert med relevant erfaring kan bli vurdert å kompensere for kravet om mastergrad. - lang og solid erfaring frå HR-området, særleg innanfor kompetanseutvikling
- erfaring med å leie og tilrettelegge for interne prosessar og ha god organisasjonsforståing
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med onboarding og mobilitet
- utdanning innanfor og erfaring med prosjektarbeid
- erfaring frå departement
- erfaring med leiarutvikling
Alle søkjarar må lasta opp vitnemål og attestar, bruk vitnemålsportalen til å lasta opp vitnemål.
Vi ser etter deg som
- tar initiativ og er resultatorientert
- er strukturert og har god gjennomføringsevne
- har svært gode samarbeidsevner
- er god til å kommunisere og skape relasjonar
- trivst med mange parallelle oppgåver
Den rette kandidaten brenn for HR-faget og er utviklingsorientert med blikk for fornying. Vi kjem til å leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Kva får du hos oss?
- Spennande og krevande arbeidsoppgåver saman med andre engasjerte medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsdagar
- Fast stilling som seniorrådgivar
- Lønn mellom 600.000 og 790.000 kr avhengig av kvalifikasjonane dine.
Er du særleg godt kvalifisert, kan vi vurdere høgare lønn. - Alle godane ved å vere tilsett i staten, mellom anna fleksitid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Høve til å trene i arbeidstida
Les dette før du søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør
Trond Bigseth på telefon: 22248798 eller på e-post: trond.bigseth@aid.dep.no.
Om departementet og avdelinga
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett,
arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken. Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 245 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei presse- og kommunikasjonseining.
Stabsavdelinga (STA)
Stabsavdelinga har ansvaret for å hjelpe departementsråden i styringa av departementet og å sørge for effektiv drift. Avdelinga har ansvaret for departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap, intern drift, organisasjonsutvikling og oppfølging av personalpolitikken i departementet og interne system for arkiv, sakshandsaming og IKT.
HR-seksjonen har ansvaret for utvikling og oppfølging av personal- og lønnspolitikken i departementet, organisasjonsutvikling, medarbeidar- og leiarutvikling, kompetanseutvikling, støtte til rekrutteringsarbeidet i departementet, arbeidsgivarprofilering, internkommunikasjon og departementet sitt interne arbeid med inkluderande arbeidsliv og arbeidsmiljø. Seksjonen utøver arbeidsgivarfunksjonen i departementet og har ansvar for samhandling med fagforeiningane.