Stillingsannonse:

Høgskulen i Volda søker HR-sjef

Søknadsfrist: 29. oktober

Om stillingen

Arbeidsgiver:  Høgskulen i Volda

Stillingstittel: HR-sjef

Søknadsfrist: 29.10.2023

Ansettelsesform: Fast

Sted: Volda

Kontaktperson:  Ann Kristin Emblem
Stillingstittel: Høgskuledirektør

Telefon: 99 49 36 63


Kontaktperson: Randi Urke Stillingstittel: Personalsjef
Telefon: 91 86 12 27

Høgskulen i Volda søker ein utviklings- og løysingsorientert HR-sjef, som vil få ei sentral rolle i samarbeid med leiinga om den strategiske utviklinga av organisasjonen.

Kvalifikasjonar

Som HR-sjef deltek du aktivt i ei heilskapleg og strategisk forvaltning, og utvikling av dei menneskelege ressursane ved høgskulen. Saman med den øvrige leiinga ved høgskulen har HR-sjefen ansvar for å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar. Viktige oppgåver er leiarstøtte, leiarutvikling og støtte i organisatoriske prosessar.

Den som vert tilsett må ha relevant utdanning på masternivå, men lang og rett erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet. Du må ha relevant leiarerfaring og solid HR-fagleg kompetanse, gjerne frå offentleg sektor.

Vi søker ein leiar som er dyktig til å bygge relasjonar og samarbeide med andre. Den som vert tilsett må ha gode leiareigenskapar og evne til å inspirere og motivere medarbeidarar. Du har god gjennomføringsevne og kommuniserer godt. Tidvis må du takle stort arbeidspress og tidsfristar.

Den vi søker er utviklingsorientert, kvalitetsbevisst og bidrar til kontinuerleg forbetring innanfor eige ansvarsområde.

Søkar må ha gode norskkunnskapar på begge målformer, og meistre engelsk både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Arbeidsoppgåver

HR-sjefen har i samarbeid med dyktige medarbeidarar ansvar for personalforvaltning, arkiv, løn, rekruttering og koordinering av HMS- og beredskapsarbeidet ved høgskulen. Dette arbeidet skjer i samsvar med lover, reglement og avtalar i staten.

Stillinga er eit viktig bindeledd og ein samarbeidspart med leiinga og administrasjonen ved avdelingane ved høgskulen. HR-sjefen rapporterer til høgskuledirektøren og er ein del av leiargruppa ved høgskulen.

HR har sekretariatsfunksjon for arbeidsmiljøutvalet og høgskulen sine tilsettingsorgan. HR-sjefen har ansvar for å førebu og gjennomføre drøftingar og forhandlingar etter avtaleverket i arbeidslivet, og førebur saker som skal avgjerast av rektor, høgskuledirektør eller styret.

Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei samfunnsviktig verksemd i regionen,
i eit sterkt fagmiljø.

Ved høgskulen får du:

  • Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ personalsjef stillingskode 1055. Løn etter avtale.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga.
Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav.
Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga,
mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:
Høgskuledirektør Ann Kristin Emblem mob.: 99 49 36 63 eller
Personalsjef Randi Urke mob.: 91 86 12 27.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv.
Som ein liten og sjølvstendig høgskule er vi fleksible, med korte avstandar og gode moglegheiter for innverknad i viktige avgjerdsprosessar. 

Powered by Labrador CMS