Høgskulen i Volda søker Personalsjef
Søknadsfrist: 04. september
Høgskulen i Volda søker ein utviklings- og løysingsorientert personalsjef, som skal samarbeide med leiinga om den strategiske utviklinga av personalområdet.
Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100% fast stilling som personalsjef frå 01.01.24. Personalsjefen rapporterer til høgskuledirektøren og inngår i leiargruppa på høgskulen. Personalsjefen er medansvarleg for heilskapleg og strategisk forvaltning og utvikling av dei menneskelege ressursane ved høgskulen.
Saman med den øvrige leiinga ved høgskulen har personalsjefen ansvar for å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar. Viktige oppgåver er leiarstøtte, leiarutvikling og støtte i organisatoriske prosessar.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha relevant utdanning på masternivå, lang og rett erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet. Du må ha relevant leiarerfaring og solid HR-fagleg kompetanse, fortrinnsvis frå offentleg sektor.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søker ein leiar som er dyktig til å bygge relasjonar og samarbeide med andre. Den som vert tilsett må ha gode leiareigenskapar og evne til å inspirere og motivere medarbeidarar. Du har god gjennomføringsevne og kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg.
Du er lyttande, open og har ei fleksibel tilnærming til både kollegaer og saker.
Du må tidvis takle stort arbeidspress og tidsfristar.
Vidare søker vi ein framtidsretta og utviklingsorientert leiar,
som er kvalititetsbevisst og opptatt av å bidra til kontinuerleg forbetring innafor eige ansvarsområde og ved høgskulen generelt.
Søkar må ha særs gode norskkunnskapar på begge målformer og meistre engelsk både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk
Arbeidsoppgåver
Personalsjef har i samarbeid med dyktige medarbeidarar på HR-eininga ansvar for personal- og dokumentforvaltning, løn, rekruttering og koordinering av HMS- og beredskapsarbeidet ved høgskulen. Personalsjef er bindeledd og samarbeidspart med leiing og administrasjonen ved alle avdelingane ved høgskulen.
HR har sekretariatsfunksjon for arbeidsmiljøutvalet og høgskulen sine tilsettingsorgan.
Til stillinga ligg ansvar for å førebu og gjennomføre drøftingar og forhandlingar etter avtaleverket i arbeidslivet, og personalsjef førebur saker som skal avgjerast av rektor, høgskuledirektør eller styret. Personalsjefen har ansvar for at personalforvaltninga skjer i samsvar med lover, reglement og avtalar i staten.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.
Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling, tillegg til:
- Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
- Engasjerte kollegaer
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida
Løn og
vilkår
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens
lønsregulativ personalsjef stillingskode 1055. Løn etter avtale.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga.
Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav.
Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga,
mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte høgskuledirektør
Ann Kristin Emblem mob.: 99 49 36 63 eller
personalsjef Randi Urke mob.: 91 86 12 27.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Om Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde,
yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.