Stillingsannonse:

HR-medarbeider

Søknadsfrist: 6. april 2022

Om stillingen

Arbeidsgiver: Norec

Stillingstittel: HR-medarbeider

Søknadsfrist: 6.april 2022

Stillingstype: Heltid

Sted: Førde

Kontaktperson: Anne Lise Bekjorden

Telefon: 99 28 43 45

Vil du jobbe med personalrelaterte oppgåver i eit internasjonalt arbeidsmiljø?

Norec søker HR-medarbeidar. I seksjon for verksemdstyring leverer støttefunksjonar av høg kvalitet til resten av Norec. Vi har difor god kompetanse på analyse, jus, IT, arkiv, økonomi, rekneskap og HR. Hos oss jobbar vi med kontinuerleg forbetring, og vi er opptekne av å ta i bruk nye verktøy for å effektivisere og digitalisere. Som HR-medarbeidar i Norec jobbar du med generell saksbehandling og oppfølging innan lønns- og personalområdet. I tillegg bidreg du i utviklingsarbeid innan fagområdet, og arbeid med interne retningslinjer og rutinar. Du vil samarbeide tett med seniorrådgivaren vår på HR, og saman skal de levere gode tenester til heile organisasjonen. Det er difor viktig at du er hjelpsam og løysingsorientert i møte med tilsette, leiarar og samarbeidspartnarar. Du må vere nøyaktig og arbeide strukturert, og samtidig ha ein fleksibel tilnærming til det å jobbe i ein organisasjon i stadig utvikling.Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • personaladministrative oppgåver innan HR-området som lønnsarbeid og anna saksbehandling, rutinar og intern opplæring
  • arbeid med rekruttering
  • andre oppgåver i seksjonen ved behov

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • erfaring frå arbeid med lønn, rekruttering og saksbehandling, gjerne frå offentleg sektor
  • god IKT-kompetanse
  • gode skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. Vi legg vekt på å vere personleg eigna.

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • ein arbeidsgivar som har fokus på utvikling og kompetanseheving
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse

Stillinga vert lønna etter avtale innanfor statens lønsregulativ som seniorkonsulent/kode 1363 frå kr. 454.200 – kr. 534.400 eller rådgivar/kode 1434 frå kr. 507.600 – 604.700. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring. For særleg godt kvalifiserte og erfarne søkarar, kan høgare lønn vurderast.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

MangfaldNorec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte, om å søke på stillinga. Dette gjeld uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore borte frå arbeidslivet i periodar.

Offentleggjering

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkarlista. I så fall vil søkaren bli varsla om dette.

Ønsker du meir informasjon om stillinga?

Ta kontakt med:Anne Lise Bekjorden, seksjonsleiar for verksemdstyring. Telefon: 99 28 43 45. E-post: anne.lise.bekjorden@norec.noCamilla Ericsson Valvik, seniorrådgivar HR. Telefon: 98 01 76 14. E-post: camilla.valvik@norec.no

Powered by Labrador CMS