Stillingsannonse:

OsloMet - storbyuniversitetet søker HR-direktør

Søknadsfrist: 21. januar

Om stillingen

Arbeidsgiver:  OsloMet - storbyuniversitetet
Stillingstittel: HR-direktør
Søknadsfrist: 21.01.2024
Ansettelsesform: Fast
Sted: Oslo

Kontaktperson:  Vigdis By Kampenes
Telefon:  67 23 63 15

Utviklingsorientert leiar for HR 

OsloMet søker ein engasjert, inkluderande og utviklingsorientert leiar som skal vere ei samlande kraft og som evner å etablere gode samarbeidsrelasjonar på tvers av heile universitetet. 

Som HR-direktør vil du ha det strategiske ansvaret for å utvikle og forvalte oppgåvene innan ditt ansvarsområde slik at universitet når sine mål.
Du skal legge til rette for effektive og brukarorienterte arbeidsprosessar og rutinar for HR-området ved OsloMet.

Avdeling HR jobbar breitt på alle HR-faglege område som støttar opp under kjerneverksemda til OsloMet, frå rekruttering til kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, personalforvaltning, partssamarbeid, lønnsforhandlingar og mykje meir. Avdelinga har om lag 25 fagleg dyktige medarbeidarar fordelt på to seksjonar og eit team. Til å leie avdelinga, søker vi ein HR-direktør med gode samarbeidseigenskapar, engasjement for utvikling og god organisasjonsforståing. Det er viktig at du identifiserer deg med samfunnsoppdraget til OsloMet og trivst med å samhandle breitt både på tvers av heile universitetet og i sektoren.

Du vil rapportere til direktør for organisasjon og infrastruktur, og inngå i leiargruppa for divisjonen. 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere å

  • vidareutvikle og operasjonalisere strategiar og handlingsplanar innan
    HR-området
  • leie arbeidet med utviklings- og utgreiingsoppgåver innanfor HR-feltet
  • leie arbeidet med digital tenesteutvikling innan HR-området
  • ivareta arbeidsgivarrolla, medråderett, medverknad og samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar og tillitsmannsapparatet
  • leie avdelinga, sørge for tett samarbeid med andre delar av organisasjonen, legge til rette for medarbeidarane si kompetanseutvikling og medverke til å skape godt arbeidsmiljø

Vi ser etter deg som

  • har relevant erfaring frå organisasjonsutvikling, endringsleiing og digitalisering
  • har relevant leiarerfaring frå offentleg sektor eller større komplekse organisasjonar
  • har vesentleg erfaring med personalleiing, målstyring, og budsjett- og resultatansvar
  • har god kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagfeltet, inkludert sikkerheit i rekruttering
  • har relevant høgare utdanning, minimum mastergrad
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi ønsker deg som

  • har ein motiverande, tydeleg og inkluderande leiarstil prega av samarbeid og medverknad
  • er utviklingsorientert, med evne til å tenke strategisk, heilskapleg og langsiktig og har forståing av HR-rolla i dette perspektivet
  • har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og evnar å vere tilgjengeleg
  • fremmer godt arbeidsmiljø, har gode relasjonelle ferdigheiter og evnar å samhandle på tvers i heile universitetet
  • har ein resultatorientert leiarstil, og identifiserer deg med verdiane til OsloMet

Vi legg vekt på å vere personleg eigna for stillinga.

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen vår, og vi ønsker alle kvalifiserte søkarar velkommen. Vi arbeider aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidsplassen til rette om du treng det.
Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søke hos oss.

Vi kan tilby deg

  • sentral og spennande jobb på det tredje største universitet i Noreg
  • breitt ansvar og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit svært spennande fag- og forskingsmiljø
  • ei avdeling med eit veldig godt arbeidsmiljø, prega av samhandling, kunnskapsdeling og stort engasjement
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi vurderer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem.
Alle dokument må vere lasta opp for at din søknad skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsettingar må vere autoriserte. Dersom du blir innkalla til intervju må du vise fram originalen på intervjuet. OsloMet kontrollerer dokumenta slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

Andre opplysningar

Dersom du ønsker meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Direktør Organisasjon og infrastruktur, Vigdis By Kampenes, telefon +47 67 23 63 15

Ta gjerne også uformell og uforpliktande kontakt med seniorrådgjevar Øystein Dahl telefon +47 90 56 82 85,
eller researchleiar Maria Loftheim telefon +47 48 25 72 31, i JeffersonWells.

Stillinga blir lønna etter lønnsregulativet til staten, 1060 avdelingsdirektør. Lønnstrinn 84 - 94 tilsvarande kroner 966 300 – 1 220 400 per år.
Høgare lønn kan bli vurdert for særleg kvalifiserte søkarar.
Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i Statstilsettelova (lovdata.no),
og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. 

Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bedd om at søknaden skal bli handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.

Dersom du vil søke på stillinga, må du søke elektronisk. 

Søknadsfrist: 21. januar 2024 
Ref.: 23/08488

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere.

OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Ansettelsen blir gjennomført etter prinsippene i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tjenester. Søkere som er i konflikt med dette regelverket vil ikke anses kvalifisert for stillingen.

Besøk OsloMet på LinkedIn, Facebook, Instagram

Bli kjent med OsloMet – storbyuniversitetet

Om arbeidsgiveren

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Powered by Labrador CMS