Stillingsannonse:

Universitetet i Bergen søker HR leiar / leder HR (seksjonssjef)

Søknadsfrist: 5. februar

Om stillingen

Arbeidsgiver: Universitetet i Bergen

Stillingstittel: HR leiar / leder HR (seksjonssjef)

Søknadsfrist: 5. februar

Ansettelsesform: Fast

Sted: Bergen


Kontaktperson: Elisabeth Müller Lysebo

Telefon: 975 57 135

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida? Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

HR-leiar (seksjonssjef)

Er du vår nye utviklingsorienterte og inspirerande HR-leiar?

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet søkjer ein initiativrik og proaktiv leiar for HR-seksjonen som evnar å arbeide fokusert og målretta i spennet frå
det strategiske til det operative.

Som HR-leiar vil du jobbe tett på forsking, utdanning og innovasjon i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Vi ønskjer ein utviklingsorientert leiar som kan bidra til å utvikle UiB til ein enda meir attraktiv arbeidsplass. Aktiv rekruttering og talentutvikling for å sikre seg dei beste arbeidstakarane til alle delar av verksemda, er avgjerande for at fakultetet skal nå eigne mål for kvalitet i forsking og utdanning. Fakultetet har om lag 1100 tilsette. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre. For meir informasjon om fakultetet,
sjå: http://www.uib.no/matnat.

HR-leiar er dagleg leiar av HR-seksjonen med 12 tilsette,
og har fakultetsdirektøren som næraste overordna. HR-leiar inngår i den administrative leiargruppa på fakultetet og samarbeider tett med den faglege leiinga.

HR-seksjonen har ansvar for dei samla HR-administrative tenestene på fakultetet og institutta. Dette omfattar personaladministrasjon, rekrutteringsarbeid, rådgjeving for leiarar og tilsette innan eitt breitt spekter av personalfaglege spørsmål samt saksførebuing for vedtaksførande organ. Som HR-leiar vil du ha ansvar for at det er gjennomgåande god HR-fagleg standard i eininga,
og at eininga yter brukarorienterte tenester til fakultets- og instituttleiingane, forskarane og dei tilsette.

Dine sentrale arbeidsområde:

  • Personalansvar for medarbeidarane i HR-seksjonen og fag- og resultatansvar for HR-feltet
  • Vidareutvikle HR-feltet gjennom godt samarbeid i seksjonen og med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Sikre dagleg drift i seksjonen og leggje til rette for brukarorienterte, effektive og kvalitetssikra HR-tenester
  • Bidra til å effektivisere og forbetre prosedyrar og arbeidsprosessar innan
    HR-feltet for heile fakultetet, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar
  • Leiarstøtte og rådgjeving, prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver forutan strategi- og planarbeid innan HR-feltet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Dine kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på masternivå og relevant praksis. Det er ein føremon med jus i fagkrinsen og erfaring frå HR-administrasjon i kunnskapsorganisasjonar. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant leiarerfaring frå komplekse organisasjonar
  • Erfaring med omstillings- og organisasjonsutviklingsarbeid samt utgreiingsoppgåver
  • God kjennskap, interesse og engasjement for offentleg forvalting
  • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i norsk og engelsk
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale arbeidsverktøy og system, herunder røynsle med digitale HR-system

Dine personlege eigenskaper:

  • Du tar initiativ, er strukturert og har god drivkraft og gjennomføringsevne
  • Du er strategisk og har god organisasjonsforståing
  • Du har eit innovativt blikk på effektiv saksbehandling og god arbeidsflyt
  • Du skapar gode relasjonar til mange ulike typer menneske
  • Du kommuniserer godt og skapar tryggleik og tillit
  • Du har ein involverande og lyttande stil
  • Du er god til å leie, motivere, prioritere og delegere

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Tilbod om fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanse- og leiarutvikling
  • Eit aktivt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 76-82 (for tida på kr. 746 900 - 888 200) For særskilt kvalifiserte kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 97557135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje,
skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Powered by Labrador CMS